Odda
Nokre særdrag


Informasjon om lydskriftsystemet.

Dialekten har mange av dei vanlege sørvestlandske og hardangerske draga, dvs. at

  • infinitivar endar på -a :
    å leva, å kasta
  • svake hokjønnsord endar på -a i ubestemt form eintal :
    ai jenta , ai flua
  • det er forskjell i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i fleirtalsformene) :
    flua fluo fluer fluene
    myr myra myrer myrene
  • dei personlege pronomena i første person er eg i eintal og vi i fleirtal
  • diftongane ei og øy blir uttalte ai og åi: å aiga, ain flaip, å råika, ai råis 'å eiga, ein fleip, å røykja, ei røys'
  • nektingsavdverbet er ie

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)