Odda
Kommune og bygder

  • Kommune søraust i Hardanger
  • Kommunenamnet er ei eldre dativform av odde ’spist nes, landtunge’.
  • I 1964 vart Røldal innlemma i kommunen.
  • Areal: 1 648 km2
  • Innbyggjartal per 1.1.2006: 7 247
  • Frå byrjinga av 1900-talet var det stor industriutbygging i Odda, Tyssedal og Skjeggedal. Det førte til stor tilstrøyming av arbeidarar frå ulike kantar av landet, og folketalet vart mangedobla.
  • Sidan midten av 60-talet er talet på innbyggjarar gått ned. Det skuldast særleg redusert sysselsetting i industrien.
  • Administrasjonssenter: Odda
  • Andre tettstader: Skare og Tyssedal
  • Grunnskular: Odda barneskule, Tyssedal barneskule, Skare barneskule, Odda ungdomsskule og Røldal barne- og ungdomsskule.
  • Næringsvegar: Industri (jern- og metallindustri, kjemisk industri og verkstadsindustri), kraftproduksjon, turisme og handel.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)