Odda
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Odda.

Tekst 1:

Vi har mange studieretningar på skulen. Vi har allmenne fag, idrettsfag, helse- og sosialfag, elektro, mekanisk, kjemi, prosess og byggfag. Mens søknaden og tilgangen på elevar, den har avtatt. Eg trur det har samanheng med, med minkande ungdomskull. Og og at Odda har jo hatt ein vanskeleg situasjon i dei seinare åra med at talet på arbeidsplassar, industriarbeidsplassar særleg, har minka så voldsomt. Så, så folketalet har gått ned. Men så derfor har vi no til neste år fått beskjed om at vi ikkje får kjemi-prosesslinja lenger. Og det er litt synd for det rekrutterer jo ferdig utdanna folk eller i alle fall klare for lærlingkontrakt i og jobb i industrien. Vi har cirka 70 tilsette med, med alt inklusive vaktmeistrar og kontorpersonale og, og sånt. Så det er svært mange kollegaer å forholde seg til.

Informant: Kvinne, fødd 1948.



Klikk her og høyr på opptak 2 frå Odda.

Tekst 2:

- Driv du med nokon andre ting på fritida di?
- Ja, det er nå vinterhalvåret, så er det nå ski. Og da er det oppi Håradalen. Det er jo paradis, det. Så det blir, store delar av vinterhalvåret går jo med til det, da. Ja, så er det nå, og eg går nå mye turar rundt omkring her i fjella, da. Så eg har vore på dei fleste toppane rundt omkring her, da, og kikka. Men, ja, og elles så er det nå, eg har halde på med litt golf og orientering og litt sånn forskjellig så det er…
- Aktiv med forskjellig.
- Ja, det er mye forskjellig. Det er, det blir, det blir nå litt tid til alt, da, til slutt.
- Er det golfmulegheiter her inne?
- Ja, det er rusta opp ein gammal industriplass her, så det er nå gammalt. Det er nå mye kjemikal i botn, men det går.
- Gjer nytten.
- Ja da, dei dekkjer det til med gras, så har det nå blitt, blitt ganske fint. Det er jo, kan ikkje sjå at det har vore sånn, at det har vore anleggsområde der før, men nei, det er blitt veldig fint. Det er ein seksholsbane.

Informant: Mann, fødd 1987.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)