Velkommen til Talemål på nettet. Her kan du sjå nærare på ulike dialektar på Vestlandet. Du kan klikke deg inn på Kommuneoversikta og velje den kommunen du er interessert i. Under presentasjonen av kvar kommune kan du for eksempel høyre lydopptak av dialekten.

Talemål på nettet er eit prosjekt ved Målføresamlinga, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Sidene er under utarbeiding, og difor vil for eksempel ikkje alle lenkjer fungere enno. Etter kvart vil stadig fleire kommunar bli tilgjengelege.

For å kunne bruke Talemål på nettet må du laste ned lydskriftsfonten Dialekt Uni, som er utvikla av Lars Törnqvist. Gå inn på http://www.thesauruslex.com/typo/, klikk på Egna fonter, klikk på Dialektfonter og klikk på Dialekt Uni. Sjå under Hjelp/F.A.Q., dersom du treng meir hjelp.