Odda
Forskjellar


Omtale av talemålet i Tyssedal og Røldal finst i eigne skisser. Dersom ein ser vekk frå tyssedals- og røldalsmålet, finst det to variantar av oddamål. Det opphavlege talemålet i Odda kan vi kalla for bygdemålet. Det vart brukt frå Seljestad og Vintertun i sør til Lindvik og elva på Hovland i nord. Bygdemålet er framleis i bruk. I tillegg har det utvikla seg ein annan variant av dialekten som me kallar tettstadsmålet. Denne varianten byggjer på bygdemålet, men er ei forenkla utgåve.

Innafor og mellom desse to hovudvariantane finst det mykje variasjon. Talemålet er prega av aldersskilnader, sosiale skilnader og individuelle skilnader. I Odda sentrum bur det framleis personar som bruker det gamle bygdemålet, anten reint eller dei snakkar tettstadsmål med klare bygdemålstrekk. Òg mange av dei som er fødde etter krigen, bruker bygdemålet. Ein del av dei har eit talemål der bygdemålstrekka er dominerande, men der ein finn innslag av tettstadsmål. Dei kan for eksempel bruka di i staden for dai og de i staden for da. Dessutan bruker mange pronomena vi og åss heller enn me og aoko. Mellom dei aller yngste er det truleg få som snakkar bygdemålet.

Skissa ovafor byggjer stort sett på målet til tre ungdommar frå Odda sentrum. Vi skal sjå litt nærare på ein del punkt der det finst fleire variantar enn dei som er presenterte i grammatikkskissa elles.


Lydane

  • Vokalane er dei same for alle med unnatak av at somme ikkje skil mellom e og æ som to ulike fonem. Dei vil ha uttalen bera og sjera, der andre seier bæra og sjæra.
  • I bygdemålet har ein ao i ord som skaol og sjao (’skål’ og ’sjå’), dvs. ord som har å i skriftmålet, og som hadde lang a (á) i gammalnorsk.
  • Konsonantane er dei same i bygdemålet som i tettstadsmålet, men i tillegg har ein i bygdemålet lyden . Denne lyden blir uttalt med å pressa fremre delen av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler g, og så opna for lufta med ein liten "eksplosjon". Lyden svarar ofte til skrivemåten gj i nynorsk: bya 'byggja'. I bøyinga av ord vekslar ofte med g. Det blir kommentert nærare under punktet om substantivbøyinga nedafor.


Substantivbøyinga

  • I tettstadsmålet er bøyingssystemet enklare enn i bygdemålet. Restar av eldre stammebøying er på veg ut. Nesten alle hankjønnsord får endingane -ar og -ane. Ein seier grisar – grisane, ikkje griser – grisʼna. På same måte bøyer ein dei aller fleste hokjønnsord slik at dei får fleirtalsendingane -er og -ene. Ein seier for eksempel dører – dørene, ikkje dørar – dørane.
  • Dei hankjønns- og hokjønnsorda som har e i fleirtalsendingane (for eksempel bygd), får i dag endinga -ene i bestemt form fleirtal i tettstadsmålet (bygd’ne). Bygdemålet har endinga -ena (bygd’na).
  • I bestemt form eintal av hokjønnsord har bygdemålet endinga -e, og dei som bruker denne varianten, vil for eksempel seia boe og bygde, der andre har endinga -a og seier boka og bygda.
  • I bygdemålet i Odda har ein palatalisering. Det vil seia at ord som sekk heiter seen i bestemt form, skog heiter skojen, seg heiter senje og plagg heiter plae. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med , mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. plagg) og med j etter lang vokal (jf. skog) og etter n (jf. seg). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
    • i eintal av hankjønnsord,
    • i fleirtal av hankjønnsord med -er og -ena som endingar i fleirtal,
    • i eintal av hokjønnsord som ikkje endar på -a i oppslagsforma, og
    • i bestemt form eintal og bestemt form fleirtal av inkjekjønnsord.


Verbbøyinga

  • Notidsendinga -a/-ar i kasta-klassen finst berre i bygdemålet. I tettstadsmålet er endinga -e.
  • I bygdemålet finst det ein ekstra bøyingsklasse for svake verb i tillegg til dei som er nemnde ovafor. Denne klassen kan kallast meina-klassen eller blanda bøying. Verba som følgjer denne klassen, får desse endingane:
    -a -ar -te -t
    lika likar likte likt
    Vi ser at dei liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i preteritum og i perfektum partisipp
  • I tettstadsmålet har j-en i infinitiv falle bort i alle verba i telja-klassen. I bygdemålet er det dessutan vanlegare at vokalen i verbet skiftar:
    -a -e *-de *-t
    telja tele talde talt
  • Dei sterke verba blir bøygde slik i bygdemålet i Odda:

    1. klasse (i – i – ai – i):
    driva drive draiv drive
    bita bite bait bite

    2. klasse (o – y – au – å):
    frjosa fryse fraus fråse
    fljota flyte flaut flåte

    3. klasse (i/e – i/e – a – u/å):
    finna finne fann funne
    brenna brenne brann brånne

    4. klasse (e – e – a – å):
    bera bere bar båre

    5. klasse (e – e – a – e):
    lesa lese las lese
    drepa drepe drap drepe

    6. klasse (a – e – o – a/å):
    fara fere for fare/fåre
    mala mele mol male

Understrekingane markerer dei formene som kan vera annleis i tettstadsmålet samanlikna med bygdemålet.

  • Nokre andre verb som blir bøygde litt annleis i bygdemålet enn i skissa ovafor, er desse:
    be ber ba bee
    je jeve gav gåve
    sta stende sto stae/stee
    slao sler slo slaie
    fao fer fekk fenje


Adjektivbøyinga

  • I bygdemålet blir adjektiva bøygde slik:
    inn gamadle mann i gåmål kåna itt gamalt hus
    gamle menner gamla erigar gamle hus
    Det vil seia at bøyingsmønsteret er slik:
    -e - -t
    -e -a -e


Pronomenbøyinga

  • I bygdemålet er dei personlege pronomena slik:
Eintal Fleirtal
  1. pers 2. pers 3. pers 1. pers 2. pers 3. pers
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn
Subjektsform eg du hann ho da me de dai
Avhengig form meg deg hann henne da aoko deko dai


Understrekingane markerer dei formene som kan vera annleis i tettstadsmålet samanlikna med bygdemålet.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)