Kvam
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Kvam.

Tekst 1:

- Det, det var ein, ein middels stor gard. Og eg er då ellevte generasjon som sit på han no. Då han vart delt i frå andre gardar på, på slutten av 1600-talet. Var då eitt av ti bruk på Øystesegarden. Øystesegarden er jo då liksom det som har vore rekna som sentrum i Øystese, ja, i frå fyrst av. Og me hadde jo kyrkja liggjande rett inne her med gamleheimen, den fyrste kyrkja, før ho vart flytta ned til sjøen. Øystesegarden er ganske stor gard med svære fjellvidder etter måten i forhold til dei andre gardane i bygda, so har me ganske stor, me eig jo til bytes med Voss og til bytes med Samnanger og, i fjellet.
- Ja, nettopp. Ja.
- Ja, og mange stølar bortigjennom. Me har ein fem-seks stølar som ligg etter einannan bortover fjellet. So der er no ein god del å halda ved like òg, på desse husa.
- Ja, det er klart, det er klart.
- No har me forresten nett selt ei tomt bortpå Vendi til Bergen turlag, so dei skal setja opp ei hytte på eigedommen vår der borte. Sjølvbetjeningshytte. Nokså stor. Ja, dei er for så vidt i full gang med å byggja.

Om informanten: Mann frå Øystese, fødd 1941.



Klikk her og høyr på opptak 2 frå Kvam.

Tekst 2:

- Har ein gard heime eg håpar å overta. Det får me no sjå. Det er no ikkje, ikkje for å driva. Det er no mest for å overta for å vidareføra den på ein måte. Det er no litt omstilling, så det vert no ikkje den garden det er, har vore, og det er det no ikkje i dag heller altså. Det er ikkje noko, det er vel meir berre ein plass å bu. Det er jo ikkje nokon dyr eller noko sånt. Det er det ikkje.
- Driv foreldra dine litt, eller?
- Nei.
- Ikkje i det heile tatt? Nei.
- Nei. Dei gav seg med sauer for nokon, 10–15 år sidan. Så eg og bestefar min dreiv med sauer nokon år der oppe på hobbybasis. Så når eg blei, ungdomsskulen, då blei det mykje, mykje plikter, så me hadde ikkje tid til, så då gav eg meg med det, så etter det så har det ikkje vore så mykje. Det er nå berre dei pliktene du har med gjerdeplikt og sånt som du må passa på, og litt sånn anna ansvar for alt den jorda du eig og har ansvar for. Samarbeida med dei bøndene som driv. Dei paktar jo jorda, som me seier då.

Om informanten: Mann frå Øystese, fødd 1983.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)