Installering og bruk av lydskriftfont.

For at lydskriftprøvene skal visast korrekt, må du ha ein font installert på maskina som inneheld dei teikna som trengst. Lydskriftprøvene i målføresamlinga er laga til i ein font som heiter 'Dialekt Uni', og denne fonten er ikkje standard på noko operativsystem. Du må difor lasta denne ned frå nettet og installera han sjølv.

Fonten er gratis frå denne sida: http://www.thesauruslex.com/typo/dialekt.htm. Klikk på overskrifta 'Dialekt Uni' og du vil få opp ein dialogboks som spør om du vil opna eller lagra fila. Vel lagre og legg fila ein stad på harddisken der du lett kan finna henne att. Den nedlasta fila er av typen ZIP – det vil seia ei fil som inneheld mange andre, nedpakka filer, og for å kunna opna denne, treng du eit utpakkingsprogram. Slike finst i fleire variantar, og ein veldig bra gratisversjon finst på http://www.filzip.com/.

Etter at du har lasta ned fontfila (og eventuelt installert utpakkingsprogrammet) må du pakka ut dei filene som ligg i zip-fila: Finn fram den nedlasta fila Windows Utforsker eller på Min datamaskin og dobbelklikk på denne. Filutpakkingsprogrammet startar då automatisk, og du får fram eit vindauga som ser omlag slik ut:

Her ser du at den zip-fila du lasta ned, eigentleg inneheld 4 filer: ei tekstfil og tre fontfiler. Når du klikkar på knappen merkt Extract, får du høve til å flytta dei nedpakka filene over til ei mappe på harddisken (C:\). Nedanfor ser du eit døme frå ei Windows XP-maskin:

Klikk Extract, og gå attende til Windows Utforsker/Min datamaskin og sjekk at filene ligg der du har bestemt.

No kan du installera sjølve fonten. På Windows 2000/XP er dette relativt enkelt: Du markerer dei tre font-filene som du nyleg pakka ut, og kopierer desse (t.d. ved å høgreklikka ein stad på markeringa og velja kopier). Desse filene må så limast inn i mappa der alle Windows-fontane skal plasserast. I Windows 2000 vil dette normalt vera mappa C:\WINNT\Fonter, medan det i Windows 98/XP vil vera i C:\Windows\Fonter. Når filene er på plass i denne mappa (t.d. ved å høgreklikka på mappenamnet og velja lim inn) vil fonten være klar til bruk.

På eldre Windows-versjonar er det ikkje sikkert at fontane installerer seg berre du kopierer fontfilene inn i rette katalogen. Då må du gå til kontrollpanelet (gå til startmenyen og velja Innstillinger og så Kontrollpanel). I kontrollpanelet vil det normalt vera ein snarveg som heiter Fonter. Dobbelklikk på denne og vel Installer nye fonter frå filmenyen i dette vindauget. Bla deg fram på til den mappen der font-filene ligg, merk dei aktuelle fontene og klikk OK. Då vil fontene vera klare til bruk i systemet.