Ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, driv ein forsking og undervising innanfor nordisk, særleg norsk, språk og litteratur. Dei faglege interessene ved instituttet femner vidt. I dag har ein eigne fagmiljø for nordisk språk, nordisk litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk, norsk språktest, islandsk og norskkurs for utlendingar (ANA). Ved instituttet finst dessutan Målføresamlinga, Stadnamnsamlinga og Arkiv for diplom- og handskriftsfotografi (Norrønt arkiv).

Instituttet gir undervisning på ulike nivå opp til doktorgrad. I tillegg driv ein norskopplæring for studentar med norsk som andrespråk. I dag er instituttet eit av dei største ved Det historisk-filosofiske fakultetet, med om lag 300 ordinære studentar, 250 studentar på norskkurs og om lag 65 tilsette.

Nordisk institutt har eksistert frå 1946 då Bergen fekk sitt eige universitet. Forløparen til instituttet var professoratet i vestlandsk dialektforsking, som vart oppretta i 1918 ved Bergen Museum.