Målføresamlinga ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, er eit arkiv med oppskrifter og lydopptak frå ulike dialektar (målføre). I samlinga finst det hovudsakleg materiale frå bygder og byar på Vestlandet, men òg noko frå resten av landet.

I dag har me ei samling som mellom anna inneheld cirka 10 000 sider med nedskrivne dialekteksempel, 1 500 timar med lydopptak og 428 000 setlar med ord. For eksempel finst det oversikt over verb- og substantivbøying i ein del dialektar og eksempel på lokale ord og vendingar. Dei siste tiåra er mykje materiale samla inn i samband med sosiolingvistiske prosjekt.

Samlinga blir mest brukt av forskarar og hovudfagsstudentar som arbeider med ulike talemålsprosjekt. Gjennom prosjektet "Talemål på nettet" ønskjer me å utnytte materialet til å opplyse om dialektvariasjonen på Vestlandet.

Utgangspunktet for samlinga var det store tilfanget Torleiv Hannaas (1874-1929) samla inn frå dialektane på Vestlandet og i Agder-fylka. Han samla inn ordtilfang og ein del stadnamn, men aller mest arbeidde han med å skrive ned folkedikting på dialekt. Seinare har andre forskarar halde fram arbeidet med innsamlinga.

Meir informasjon finn du her: Målførearkivet