Installasjon og bruk av RealPlayer

Real Media er eit filformat som blir brukt til koding av både lyd og film. For å få spelt av filer i dette formatet er det naudsynt å laste ned og installere eit avspelingsprogram som heiter RealPlayer. Dette programmet finst i mange ulike versjonar, både for Mac og PC, men for å kunne spele av lydprøvane i Målføresamlinga, er det nok å installere gratisversjonen.

Programmet kan lastast ned frå www.real.com. Dersom ein vel arkfana ”RealPlayer” frå toppen av den sida, finn ein ei lenkje til gratisversjonen. Etter nedlastinga er det berre å installere programmet ved å dobbelklikke på den nedlasta fila. Under installasjonen er det viktig at ein les instruksane nøye. Det er særleg eit par ting ein må passe på:

  • Dersom ein får spørsmål av typen ”Kryss av her for å få nyheiter”, bør ein helst ikkje krysse av. Dersom det alt er kryssa av, bør ein fjerne avkryssinga.
  • Installasjonen vil gje deg høve til å bruke RealPlayer som standardprogram for avspeling av ulike typar lydfiler. Dersom du alt har eit favorittprogram som du føretrekkjer, bør du fjerne desse avkryssingsalternativa også.

Ved installasjon av ny programvare er det naudsynt at brukaren har administratorrettar på den maskina programmet skal installerast på. Dersom ein ikkje har desse rettane, vil ein heller ikkje få installert programvara. Om du får melding om det, må du anten logge deg på som administrator eller ta kontakt med systemansvarleg.