Ulvik
Nokre særdrag


Informasjon om lydskriftsystemet.

Dialekten her har dei vanlege sørvestlandske og hardangerske draga, dvs. at

  • infinitivar endar på -a :
    å leva, å bita
  • svake hokjønnsord endar på -a i ubestemt form eintal :
    ai visa, ai veka
  • det er forskjell i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i fleirtalsformene) :
    veka veko veker vekena
    skaol skaolę skaoler skaolʼna ’skål’
  • dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal og me i fleirtal
  • ein har uttalen ao i ord som sjao, maote og skaol, ’sjå, måte og skål’, dvs. ord som har å i skriftmålet, og som hadde lang a (á) i gammalnorsk
  • diftongane ei og øy blir uttalte som ai og åi: ait bain, ai åi, å dråima ’eit bein, ei øy, å drøyma’

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)