Ulvik
Forskjellar


Talemålet kan variera ein del mellom generasjonane. Nedafor skal me sjå på ein del punkt der ein kan finna forskjellar mellom eldre og yngre mål i Ulvik.


Lydane

  • Diftongen ao er ikkje like vanleg mellom dei yngre som mellom dei eldre.

Lydmønster

  • I nyare mål er det like vanleg å seia strę som å seia stręg ’streng’.

Substantivbøyinga

  • I bøyinga av hankjønnsorda har dei yngste samanfall mellom det som blir kalla bøyingsklasse 1 (for eksempel skog) og bøyingsklasse 2 (for eksempel sau) ovafor. Dei vil bøya orda skog og sau på same måte:
    skog skogen skogar skogane
    sau sauen sauar sauane
  • I bøyinga av hokjønnsorda har dei yngste samanfall mellom det som blir kalla bøyingsklasse 3 (for eksempel sak) og bøyingsklasse 5 (for eksempel ęlv) ovafor. Dei kan såleis bøya orda sak og ęlv på same måte:
    sak sakę saker sakene
    elv elvę elver elvene
  • Dei hokjønnsorda som har e i fleirtalsendingane, får hjå dei yngste endinga -ene i bestemt form fleirtal. I eldre ulvikmål er endinga -ena. Dei yngre vil for eksempel seia pilene, der dei eldre seier pilena. Det same gjeld for inkjekjønnsord av typen auga og åira (dvs. bøyingsklasse 7 ovafor). Her seier dei eldre augena i bestemt form fleirtal, mens dei yngre ofte seier augene.
  • Dei yngre har mindre palatalisering som dei eldre. Dei kan for eksempel seia skogen og sakę, der dei eldre seier skojen og saę.


Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)