Ulvik
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak frå Ulvik.

Tekst 1:

- De såg vel det fine idrettsanlegget me hadde? De køyrde forbi.
- Ja, det køyrde me jo rett forbi. Det er nytt?
- Nei da, det er nok ein del år det no. Det må no vera ein 10-15 år sidan me fekk det. Og så er det ein fin badeplass der inne, rundt på nedsida der. Så der er det fint for ungane no.
- Ja, no er det jo fint alle stader.
- Ja da, visst er det det. Men eg trur dei har funne ut alle ungar, unge folk, dei flyttar heim altså. No kjem det fleire familiar. Her er veldig fint å veksa opp for ungar. Det er så passeleg. Det er full barnehagedekning. Har stor, fin barnehage. Og idrettsmiljøet, me har ljosløyper, flotte idrettsanlegg. Og no skal dei byggja hall. Her er jo ikkje meir enn 1200 innbyggjarar, men. Så er det godt musikkmiljø. Musikk på skulen då. Så har dei, og dei har skulemusikk og masse. 4H-speidar. Det er masse å vera med på. Trygt og godt.

Informant: Kvinne, fødd 1945.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)