Ullensvang
Nokre særdrag


Informasjon om lydskriftsystemet.

Dialekten her har dei vanlege sørvestlandske og hardangerske draga, dvs. at

  • infinitivar endar på -a :
    å fɩnna, å lęsa
  • svake hokjønnsord endar på -a i ubestemt form eintal :
    ai visa, ai jęnta
  • det er forskjell i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i fleirtalsformene) :
    visa viso visęr visęnę ’vise’
    skaol skaolę skaolęr skaolęnę ’skål’
  • det personlege pronomenet i 3. person hokjønn er ho
  • dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal og me i fleirtal
  • ein har uttalen ao i ord som skaol, sjao og aor, ’skål, sjå og år’, dvs. ord som har å i skriftmålet, og som hadde lang a (á) i gammalnorsk
  • diftongane ei og øy blir uttalte som ai og åi: ait bain, ai åi, å dråima ’eit bein, ei øy, å drøyma’

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)