Ullensvang
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Ullensvang.

Tekst 1:

- Der er no eit diplom som handlar om nokre tvistesaker innpå, innpå Bleie. I frå 1294, trur eg. Som, der han, altså det var krangel om nokre kvernrettar og om kvar folk hadde funne seg moldfor, altså det er eit uttrykk de ikkje skjønar sikkert. Altså det var i, veit de kva borten er for noko? Det er bregnar som ormetelg, har de høyrt om det? Ja, dei brukte det som eit naudfor om vårane. Altså bortnen har eit svært rotnett som overvintrar og er like friskt. Overdelen av planta den, den visnar.
- Men nedi jorda så er det fortsatt…
- Men, om vårane så kunne dei altså grava opp desse røtene og bruka dei til for til krøtera. Og dette hadde dei vorte ueinige om. Dei meinte at nokon av bleiingane hadde vore og, og greve opp moldfor der dei ikkje åtte grunnen.

Informant: Mann frå Utne, fødd 1944.



Klikk her og høyr på opptak 2 frå Ullensvang.

Tekst 2:

- Eg spelar, har dei siste fem åra, så har eg brukt kontrabass i forskjellige samanhengar, men på den morellfestivalen så har me vore, har me vore ni ungdommar frå Hardanger, frå Lofthus, som alle spelar noko. Så då hadde me eit band som heitte Morell swingers, som var eit storbandkonsept med, med blåsarrekke og, og syngedamer og, ja litt sånn stor greie då. Da, så då pleide me å spela på dagtid under arrangementet og på ein dans om kvelden.
- Det høyrtest kjekt ut.
- Ja, det var, var veldig kjekt. I år skal ikkje me gjera det fordi, fordi folk har, folk bur så spreidd og har ikkje alltid tid lenger. Og akkurat på den tida så er folk, for ofte kanskje har ferie eller skal spela på andre ting og sånn.
- Men er dette nokon du har spelt saman med tidlegare òg?
- Så i år, ja eg har spelt i mange år, ja det er, det er stort sett kameratane mine frå Lofthus. Alt frå, nei, det er ein veldig artig gjeng for det er liksom alt frå vaksne bønder i, i 40-åra til, til sånne unge, unge folk då, studentar og slikt, så det er utruleg spreidd sånn alders, veldig spreidd i alder.

Informant: Mann frå Lofthus, fødd 1978.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)