Jondal
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Jondal.

Tekst 1:

- Det er klart, viss dei har spesielle utdanningar, så er det ikkje så veldig mange tilbod her inne då. Liten kommune og ikkje så, så allsidig som du kan finna på større plassar. Så når du først har fått deg ein jobb, så må du vel prøva å halda på den då. Så du har levebrød her inne.
- Ja. Kva lever folk av her då?
- Nei, det er no her, som så mange andre plassar, så er det dette offentlege sørvisnæringar og skule, pleie og omsorg, butikkar, og så er det ein, jordbruksdrifta står jo relativt sterkt her då, i alle fall ein 10-15 prosent hentar inntekta si der. Så det er, er vel ikkje så store forskjellar på andre små kommunar i Hardanger. Så er det, har me ei mekanisk bedrift, Jondal stål, som sysselset ein 25-30, og steinindustrien i Sålesnes, murstein og skifer. Og, og lakse- og fiskeoppdrett har skaffa ein god del arbeidsplassar dei siste 20 åra. Det har dei.

Informant: Mann, fødd 1948.


Klikk her og høyr på opptak 2 frå Jondal.

Tekst 2:

- Ja da, du får prøvd både ski og fotball og handball og eigentleg all ballsport og forskjellig. Telemark har dei òg her då. I fyrste klasse så er det obligatorisk med telemark. Det er ganske moro.
- Ja. Har du stått på det før?
- Nei, eg har aldri stått telemark før, men i fyrsteklasse då så stod eg jo telemark. Og dei som likar det veldig godt, dei vel det jo, vel det jo, det som studieretningsfag då for eksempel.
- Ja, så då reiser dei mykje på turar og sånn då for å øva på det?
- Ja, dei reiser på tur, ja. Elles så har dei sånn barmarkstrening. Men om vinteren så reiser dei ein del på sånne skirenn og på sånn.
- Men kor trenar dei då? Dreg dei på Kvamskogen, eller?
- Ja, i Eikedalen trenar dei om vinteren då. Elles så trenar dei, har dei alternativ trening her nede.

Informant: Kvinne, fødd 1987.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)