Granvin
Nokre særdrag


Informasjon om lydskriftsystemet.

Dialekten her har dei vanlege sørvestlandske og hardangerske draga, dvs. at

  • infinitivar endar på -a :
    å kasta, å fara
  • svake hokjønnsord endar på -a i ubestemt form eintal :
    ai veka, ai kåna
  • det er forskjell i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i fleirtalsformene) :
    veka veko veke vekena
    bu buę bue buena
  • dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal og me i fleirtal
  • ein har uttalen ao i ord som skaol, sjao og aor, 'skål, sjå og år', dvs. ord som har å i skriftmålet, og som hadde lang a (á) i gammalnorsk.
  • diftongane ei og øy blir uttalte ai og åi: ait bain, å raisa, ai åi, å dråima 'eit bein, å reisa, ei øy, å drøyma'.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)