Granvin
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Granvin.

Tekst 1:

- Hva betyr det der robotmelking da? Går kyrne selv inn…
- Ja, du har sånn styrt kutrafikk med portar. Og dei har jo halsband med ein sånn transponder. Så det går på data det meste då. Med, så går dei bort til sånne portar, og så dei vil, vert det lese, den transponderen då, altså kor lenge sidan dei har vore inne og mjølka. Så vert han styrt, viss det har gått over eit visst antal timar, så vert dei styrt mot roboten. Det som lokkar dei inn, då er det litt kraftfor inni, den får kraftfor inni roboten, og så, så lukkar den grinda att. Og så går denne bort og så vaskar kvar spene fyrst, og så kjem dei der spenekoppane. Robotarmen set det oppunder. Altså, så vert det målt mjølkemengde på, frå kvar spene då. Når det minkar og kjem ned under eit visst nivå, så tek han det av att. Så då ser du på skjermen kor mykje mjølk det er på kvar. Ja, kor mykje samla på kvar spene og. Og så kan du då ta ut viss det er unormal mjølk.

Informant: Mann frå Øvre Granvin, fødd 1948.



Klikk her og høyr på opptak 2 frå Granvin.

Tekst 2:

- Du slit deg ikkje ut der ute, som eg sa. Hvert fall ikkje sånn, nei, ikkje det sånn som eg, eg driv med i hvert fall.
- Nei. Kva, kva slags arbeidsoppgåver har du når du er ute?
- Nei, alt som skal flyttast rundt på plattforma sånn, sånn som internt då. Så er det i frå båt. Får båt, to gonger i veka då så. Hiv opp alt slags ting og tang som skal ut og mat og sånne ting. Og ting som skal i land sjølvsagt.
- Ja, begge vegar, ja.
- Ja, ja, ja. Det er det.
- Er det kjedeleg å vera på ei plattform, sånn når du har fri, eller?
- Nei, nei. Det er masse å gjera, ja sånn i fritida altså. Med treningsrom og forskjellig sånt, og biljard og kinosal og bibliotek og alt eigentleg. Alt muleg.
- Ja, så dei har masse tilbod, sånne ting å gjera på…
- Sånn, masse tilbod, om kveldane og sånn. Så det, data og sånne ting. Så du kjedar deg eigentleg ikkje då. Men du får jo ikkje reisa heim då. Det er jo litt bale. Sant, du kjem deg jo ikkje heim, og du er jo, du må jo vera der ute i fjorten dagar. Men, ja, så har du fire veker då fri etterpå, som då du kan gjera nett kva du vil eigentleg.

Informant: Mann frå Granvin, fødd 1986.



Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)