Granvin
Forskjellar


På ein del punkt kan me sjå forskjellar mellom yngre og eldre mål.


Substantivbøyinga

  • I bøyinga av hankjønnsorda kan ein del av dei yngste ha samanfall mellom det som blir kalla bøyingsklasse 1 (for eksempel hęst) og bøyingsklasse 2 (for eksempel sau) ovafor. Dei vil bøya orda hęst og sau på same måte:
    hęst hęstʼn hęsta hęstane
    sau sauen saua sauane
  • I bøyinga av hokjønnsorda kan dei yngste ha samanfall mellom det som blir kalla bøyingsklasse 3 (for eksempel sak) og bøyingsklasse 5 (for eksempel ęlv) ovafor. Dei kan såleis bøya orda sak og ęlv på same måte:
    sak sakę sake sakene
    ęlv ęlvę ęlve ęlvene
  • Dei hokjønnsorda som har e i fleirtalsendingane, får hjå dei yngste endinga -ene i bestemt form fleirtal. I eldre mål i Granvin er endinga -ena. Dei yngre vil for eksempel seia rekene, der dei eldre seier rekena. Det same gjeld for inkjekjønnsord av typen auga og åira ’øyra’ (dvs. bøyingsklasse 7 ovafor). Her seier dei eldre augena i bestemt form fleirtal, mens dei yngre ofte seier augene.
  • Dei yngre har ikkje like mykje palatalisering som dei eldre. Dei kan for eksempel seia skogen og sakę, der dei eldre seier skojen og saę.


Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)