Fana
Nokre særdrag

Info om lydskriftsystemet.

Dialekten her har dei vanlege sørvestlandske draga.

Dialektområdet for fanadialekten er delt i to. Forskjellen går igjen i tre drag:

  1. I sørlegaste delen av Fana endar dei sterke hokjønnsorda på -o i bestemt form eintal (boo, nålo), i samsvar med dialekten i Os og elles i Sunnhordland. Andre stader i Fana får desse -ę (boę, nålę).
  2. Sør i Fana kan me finna innskotsvokal i notid av sterke verb når følgjande ord tek til med konsonant (drikke, lęse).
  3. I sør kan me også finna innskotsvokal i adjektiva når substantiva etter står i ubestemt form eintal (hankjønn og hokjønn): ein store gut, ei store bo.

Den sørlege varianten vil i det følgjande bli framstilt som «Dialekt B». Resten av fanadialekten har mange av dei nordhordlandske draga , dvs. at

  • infinitivar endar på -a :
    å kasta, å laga
  • svake hokjønnsord endar på -a i ubestemt form eintal :
    ei visa, ei jęnta
  • det er skilnad i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i fleirtalsformene) :
    visa viso vise visena
    bu buę bue buena
  • i den eldre dialekten er det vanleg med palatale lydar (dvs. lydar med j-klang) :
    veen, finjen
  • dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal og me i fleirtal .

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)