Eidfjord
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Eidfjord.

Tekst 1:

- Dette er eit skytespel då, som er stort blant folk som kjenner det, for å seia det sånn. Det er, i Sør-Korea går det 24:7 på, på TV då. Men det er jo ikkje sånne tilstandar i Noreg då, for å seia det sånn.
- Nei, men er det, er det, spelar du med folk i heile verda då, på ein måte?
- Ja, det, ja, nei. Det er litt vanskeleg. Har med internettforbindelsane, går litt seint, og. Ja, det er for langt for å seia det sånn då.
- Ja, okay, men kven, kven spelar du med då?
- Nei, då er det hovudsakleg folk i Noreg, Sverige, Danmark. Så du spelar jo og kampar då mot franskmenn eller …
- Ja, nettopp.
- Men i mitt, på mitt lag er det tre nordmenn, ja fire nordmenn og ein svenske.
- Kjenner du dei?
- Ja, du sit og pratar med dei mens du spelar, og spelar når du ikkje spelar òg.
- Men du har aldri treft dei?
- Nei, ikkje personleg, nei. Det har eg ikkje. Men du føler du kjenner dei for det liksom.
- Kjem du til å treffa dei trur du?
- Ja, håpar no gjer eg.

Informant: Mann, fødd 1978.



Klikk her og høyr på opptak 2 frå Eidfjord.

Tekst 2:

- Eg trur i alle fall at kommunen har vore veldig flink. Du kan jo sjå at me har idrettshallen her borte, og i alle fall for idrettsinteresserte ungdommar så er det nok noko. Og så har dei ungdomsklubb. Ja, musikkskulen kjem jo inn. Og, ja, kulturtilbod, eg veit ikkje eg. Det har me vel ein del òg. Kommunen har overteke, har vel overteke kinoen òg.
- Ja. Ja, så kino er det inne her?
- Ja da, det er det. Der er kvar helg, eller. Så der er jo ein del andre ting òg. Sjølv om det er ikkje sikkert alltid folk stiller opp alltid på alt då. Men det er no sånn. Men, så eg trur kommunen, trur eg, du kan jo sjå berre med utstilling, eller den her skulpturutstillinga utanfor kommunehuset her. Det er jo kvart år no. Ja da, og dei har, når hotellet, Vøringsfoss hotell vart bygd nytt, det nye, så er jo kommunen med. Så der har dei jo fenge eit eige Bergsli-museum som er utstillingar, og der er det òg andre som får stille ut. Men kor mykje det er for, altså bygdefolk, der er det nok ein god del som er på sånt, men det er jo kanskje mest for turistar.

Informant: Kvinne, fødd 1943.



Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)