Eid
Kommune og bygder


  • Omfattar områda kring Eidsfjorden, ein 13 km lang arm av Nordfjord, samt nordsida av Nordfjord vestover til Lefdal og områda nord for Hundvikfjorden, Utfjorden og Eidsdalen (Eidsbygda) og områda kring vestre del av Hornindalsvatnet i aust. Eid grensar i nord til Møre og Romsdal fylke. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1992. Delar av Davik (i vest) og Hornindal (i aust) blei lagde til Eid i 1965, og i 1992 blei Lote og Hemnebygda innlemma i Eid kommune.
  • Areal: 468 km2
  • Innbyggjartal per 1.1.2006: 5 801
  • Administrasjonssenter: Nordfjordeid. Her finn ein mellom anna fylkessjukehus, sorenskrivarkontor, vidaregåande skule og folkehøgskule.
  • Næringsvegar: Jordbruk (husdyrhald, frukt- og bærdyrking) og industri (næringsmiddel-, trevare-, møbel-, verkstad- og konfeksjonsindustri).
  • Eid svarar til sokna Eid og Stårheim.
  • Namnet Eid kjem truleg av fjordnamnet Eidsfjorden, som inneheld eit norrønt fjordnamn Øygir, ei avleiing av Aug ’elva som går i mange slyng’.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)