Sørvestlandsk

Sørvestlandsk blir rekna som eit a-mål. A-målet har ikkje fått endra den gammalnorske endings-a-en. Det har gjort det mogleg for dette målet å halde oppe eit skilje mellom hannkjønn på den eine sida og ho- og inkjekjønn på hi i den svake adjektivbøyinga. Det heiter altså den gamle båt’n, men den gamla skutå og de gamla huse - dvs. med eit skifte mellom -e og -a.

Eit anna særpreg for sørvestlandsk er at det gamle konsonantsambandet rn er gått over til dn, og den gamle lange l-en (ll) er blitt til dl. Typiske former er difor jedna 'gjerne' og kadla 'kalle'. Dette draget er ikkje allstad likt gjennomført. Når ll eller rn står framom konsonant, som i samansetningar, får me verken dl eller dn. Difor heiter det både fjęlltåpp og kånnband.

Mykje av sørvestlandsk er prega av sterk diftongering. Best kjent er nok uttalen ao i ord som baot, fao, smao 'båt, få, små', dvs. i ord som har å i skriftmålet, og som hadde lang a (á) i gammalnorsk. Men diftonguttale finn ein òg av o (eigentleg gammalnorsk lang ó): soul, stoul 'sol, stol' osv., av i (eigentleg gammalnorsk lang í): beil, feine 'bil, fin' osv., av y (eigentlig gammalnorsk lang ý): leysa 'lysa', og av u (eigentlig gno. lang ú): heus 'hus'. Dei fire siste diftongane er ikkje like «diftongiske», for u-en i soul og stoul og e-ane i dei andre orda er svakare enn den andre vokalen. Når ei og øy dessutan blir uttalte ai og åy, blir i det heile diftongane eit tydeleg særdrag i dialekten.

Diftongering er kanskje mest kjend som særdrag for Sogn, Voss og Hardanger . Det er der det heiter for eksempel at du mao sjao å fao laona deg ai kaopa. Men hine diftongane møter me meir og mindre gjennomførte også i området frå og med Jæren til og med Agder. På Agder gjeld det mest opp gjennom dalane og mindre ute ved kysten. I området frå Nordhordland til Ryfylke manglar derimot dette særdraget.

Eit nokså nytt drag i målet er skarre-r-en. Han er i dag blitt så dominerande at me kan nemne han her som felles for sørvestlandsk. I Sogn og Nordhordland er det lite av han, men han er på veg inn der i dag. . I sentrum på Voss står han sterkt, sjølv om han ikkje er så vanleg "pao bygde" i Voss. I Hardanger og Sunnhordland skiftar det mykje frå bygd til bygd, men jamt over har den yngre generasjonen gått over til skarring. I resten av landsdelen kan me seie at skarring er så å seie gjennomført. Kring 1900 var lyden rådande berre i og kring Stavanger, i Bergen og i Sørfjorden i Hardanger.

Det sørvestlandske området deler me først inn etter om dialektane har delt eller udelt hokjønnsbøying. Sunnhordland, Ryfylke og Jæren går dermed ut som eit stort samanhengande område med udelt bøying, det same gjer og eit mindre kystområde i Vest-Agder. Imellom desse to ligg Dalane med delt hokjønnsbøying, jf. . I det store restområdet er det nyttig å skilje ut Nordhordland, for der har ikkje dialektane diftongering. Og endeleg kan me dele diftongområdet etter kva endingar som er brukte i hokjønnsorda; då må Sogn komme for seg.

Teksten er ein lettare omarbeidd versjon av s. 75 i Helge Sandøy: "Vestlandet - der fjordane batt folket saman." I: Ernst Håkon Jahr (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus 1990.

Rediger siden